kultur-1

Ein plass DER folk har lyst til å vera

Biblioteket og Garborgsenteret skal gje deg bøkene og den gode stunda, meiningsbryting og møteplassar. Saman blir dei litteraturhuset i Forum Jæren.

— Me skal driva tradisjonelt bibliotekarbeid, men me skal òg gje folk den gode stunda med kulturopplevingar både i huset og på nett, seier Vidar Lund, biblioteksjef ved Time bibliotek. Det kan vera opplesingar, konsertar, teater, føredrag, dataspel, nesten kva som helst. Folkebiblioteket er for alle, og målet er at me skal ha det mest opne og tilgjengelege huset i kommunen.

SAMLOKALISERING

Han tenkjer at samlokaliseringa med Garborgsenteret gjer at dei kan utveksla kunnskap og arbeidsmåtar i grenselandet mellom bibliotek og museum. I tillegg vil noko av driftsopplegget vera felles. Garborgsenteret skal til dømes ha ein kafé, der òg biblioteket si avis- og tidsskriftavdeling vil halda til.

_MG_4682

MINST 100.000 INNOM

— Biblioteket vil skapa eit levande kulturmiljø med minst 100.000 innom dørene kvart einaste år. I tillegg har me kompetanse som vil vera nyttig for Forum Jæren-miljøet. Me ønskjer å vera ein kreativ møtestad der kven som helst kan koma, me skal ha eit hus med låg terskel og vonar at det kan påverka resten av området òg.

KLYNGEVERKNAD

Forum Jæren er eit glimrande utgangspunkt for klyngeverknad både for Bryne, Time og Jæren. Med ein stor skule, moderne bibliotek, Garborgsenter og kunnskapsbedrifter vil området bli ein motor for den nye kunnskapsøkonomien.

MG_4673

BASERT PÅ VISJONAR

– Garborgsenteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa, til å skapa og formidla kunnskap basert på visjonane til Hulda og Arne Garborg. Eit senter der unge menneske skal stå i sentrum for å vera med å forma framtida, skildrar prosjektleiar for Garborgsenteret, Einar Schibevaag og viser til Stortingskomiteen sitt innspel i saka.

MÅLGRUPPER

— Me vil først og fremst nå eit publikum som ikkje akkurat har Garborg på maten dagleg. Schibevaag karakteriserer senteret som ein møteplass for samtalar og meiningsutvekslingar. Ein stad for litteratur, engasjement og gode formidlingsopplevingar.

IMG_9066

JÆRSK TRADISJON

— Det at me kan få 1.700 ungdommar rundt oss er spennande. Desse skal utvikla Jæren framover. Me skal gje dei eit skapande engasjement, anten det er kulturuttrykk eller dippeduttar. Det å våga å gjera noko sjølv, har vore ein sterk tradisjon på Jæren og bør vera det inn i framtida òg, meiner Schibevaag. Han har tru på at Garborgsenteret kan medverka til akkurat det.

LITTERATURHUS

— Samlokaliseringa med biblioteket er spennande og naturleg. Me blir eit litteraturhus, og eg trur me skal få til ein engasjerande plass å vera. Me vil at bedrifter skal ha pressekonferansar her, at kaféen skal vera ein plass der ein treff folk og der ein samhandlar, anten ein er ung eller gammal. Me skal rett og slett skapa ein plass der folk har lyst til å vera med heile seg.

footer_logo

Forum Jæren    //    Hetlandsgata 9    //    4340 Bryne    //    post@forumjaren.no    //    tel: 90 61 57 15