
FORUM JÆREN
FORUM FLEX

Nå kan du leggje møtet eller konferansen din til 18. etasje i Forum Jæren. Vi har kapasitet frå 4 til 80 personar i møterom med alt utstyr. I pausane kan de nyte utsikten i skybaren eller på terrassen i 19. etasje. Enten du vil leggje eit viktig møte utanfor bedrifta eller harei større samling, lagar vi eit skreddarsydd opplegg for dykk.
Bryllaup, konfirmasjon, jubileum, firmafest eller rundt tal? I tillegg til fantastisk utsikt over Jæren, byr vi på topp mat, skybar med alle løyve og moderne lokale. Når det blir varmare i veret, blir det også mogleg å bruke terrassen i 19. etasje til arrangementet ditt.

For utbyggjarane var det aldri tvil om at skyskraparen på Jæren måtte ha det litle ekstra. Dei kontakta Kjell Nupen som tende på prosjektet, hans største så langt.
Kunstnaren sitt utgangspunkt og mål er å gi bygget identitet, slik at det kan leva i kraft av seg sjølv. Det spektakulære og omfattande glaskunstarbeidet starta sommaren 2008.
Sirleg utvikla Kjell Nupen glasplate for glasplate, kvar med ei vekt på mellom 400-500 kilo og med eit flatemål på 1,6 x 3 meter. Platene vart sette saman i par før dei var klare for montering på høghuset, etasje for etasje. Det ferdige verket måler 4-5 meter i breidda, og smykkar høghuset frå topp til botn.
Temaet er fossefall. Og fargane? Ikkje uventa i forskjellige blåtonar. Kunstverket vil leva sidan det endrar seg alt etter lysforhold, dag eller natt.

KRAFT er eit annleis treningssenter, fordi vi knyter medisinsk kompetanse så tett til treningssenteret. Dette er unikt i Norge.
Det å trene på KRAFT skal også tyde at du blir møtt med forfriskande entusiasme, service og omtanke. KRAFT vil vere eit treningssenter som ønskjer alle velkommen, utan omsyn til behov, motivasjon, alder og evne til å trene.
I utgangspunktet ønskjer vi at KRAFT skal assosierast med den kraft som vert demonstrert når vi ser hestehoven bryte seg gjennom asfalten om våren. Vi snakkar om livskraft og ønsket om å leve eit liv med meining og livskvalitet.

Kjem du på sykkel, parkerer du enkelt i sykkelparkeringa utanfor høghuset, og arbeider du i høghuset, har du garderobeplass.
Eit to-etasjes parkeringsanlegg vert bygd under bakkenivå, like ved Garborgsenteret og biblioteket.

I Forum Jæren kan du leiga topp moderne lokale som bidreg til å gi bedrifta eit profesjonelt ansikt. Inkludert er tilgang til møtelokale i 18. etasje og felles kantine. Vi kan skreddarsy lokale frå 50-1000 m2 Ta kontakt for visning og ein uforpliktande samtale om dykkar behov.
Terje Hamre, mob. +47 90 61 57 15. e-post terje@forumjaren.no
Harald Gudmestad, mob. +47 99 16 13 05, e-post harald@forumjaren.no

Frå kjøpesenteret M44 går du gjennom Storgata, den tradisjonelle handlegata i Bryne, via Bryne torg til Forum Jæren. Grøne tre, benker i granittblokker og gatelys med københavnpreg smykkar miljøgata opp mot høghuset, Garborgsenteret og biblioteket.
Atriet nedfor høghuset med passasje både til Bryne stasjon og til gateområda rundt, er eit lite byområde i seg sjølv, med butikkar, kaféar og ein scene for kulturelle innslag.
Toget stoppar i Forum Jæren. Du kan gå tørrskodd frå stasjonen til høghuset, sommar som vinter. Togreisa er behageleg og rask, og du kan gjera fleire ting medan du reiser.
Forum Jæren // Hetlandsgata 9 // 4340 Bryne // post@forumjaren.no // tel: 90 61 57 15