play / pause
play position
00:00 / 00:00
volume control
zoomin / zoomout
slides-om-fj_1

Korleis best utnytta den mest sentrale eigedomen på Bryne?

Utfordringar: Skulane slit med gammal byggmasse og risikerer å segla akterut. 4-5.000 av innbyggjarane i Time kommune arbeider utanfor kommunegrensa. Jæren saknar ein arena for kunnskapsbasert næring.

Slik byrja det som skulle bli Forum Jæren. Gründerane ville bidra til å utvikla Bryne. Svaret blei etter kvart etableringa av eit miljø der læring, næring og kultur verkar saman.

NÆRING

Industrisuksessane på Jæren er mange, men den kunnskapsbaserte industrien har vore mindre satsa på. Forum Jæren skal vera ein arena for utvikling av kunnskapsbaserte
verksemder.

LÆRING

Bryne har lange tradisjonar som skulesenter, ikkje berre regionalt, men òg nasjonalt. I Forum Jæren blir dei vidaregåande skulane samla, og Bryne får eit slagkraftig miljø for utdanning. Skulane vil òg dra nytte av næringsverksemdene i Forum Jæren. Næringa vil på si side få tilgang til både arbeidskraft og idear.

KULTUR

Garborgsenteret og biblioteket vil gi Forum Jæren eit viktig kulturelt tilsnitt med innverknad både for skule og næring. Når ein har fått dei lokale kunstnarane Karen og Jens Erland til å etablera seg i same området, ligg alt til rette for Forum Jæren òg som ein kulturell arena.

NYE ARBEIDSPLASSAR

Over 3.000 menneske vil få sitt virke i den nye bydelen på Bryne. Nye arbeidsplassar vert skapte, og jærbuar som i dag arbeider i Forus- og Stavangerområdet
kan få seg jobb praktisk talt i nabolaget sitt.

KORT VEG

Reisa til Forum Jæren kan gjerast rask og køfri. Toget stoppar så og seia på sjølve området. Utbetra riksvegar har dessutan minska avstandane til Sandnes, Forus
og Stavanger, til flyplassen og Risavika havn.

NUPEN-KUNST

Sjølve symbolet på Forum Jæren er høghuset med sine 18 etasjar, godt synleg frå alle kantar på Jæren. Smykka med glaskunst av Kjell Nupen synliggjer
høghuset òg idéen om å føra læring, næring og kultur saman.

slides-om-fj_2

Kvifor høghus på Jæren?

Med høghuset ynskjer utbyggjarane å markera sentrum av Bryne og laga eit symbol på transformasjonen av eit tradisjonsrikt område til ei ny tid. Høghuset skal vera noko Brynebuen kan vera stolt av og visa fram.

Eit snev av stormannsgalskap og dårleg smak, hevdar motstandarane. Framtidstru og nytenking, meiner tilhengjarane.

HØGHUSET ENGASJERER

“Eit slikt bygg gjer noko med det jærske landskapet, på godt og vondt,” uttrykkjer nabo og keramikar Karen Erland.

”Me har fått eit bygg som set oss endå meir på kartet,” seier leiaren av Brynebyen, Kari Kverneland Kastmann.

Eg var skeptisk til planane i starten og under behandlinga i kommunen. Men det må vel vera lov å snu? Eit slikt høgt hus sparer jo jord på Jæren,” seier Inger Tjåland (Sp), Time kommune.

FRÅ ALLE KANTAR

Bryne har uansett fått sitt landemerke med høghuset i Forum Jæren. Det er synleg frå alle kantar, og synleggjer òg jærlandskapet frå alle kantar.

INDUSTRIHISTORISK GRUNN

HETLAND HUS

Forum Jæren står på historisk grunn. I det såkalla Hetlandkvartalet på Bryne vart det skapt industrihistorie. I 1912 kjøpte Jens og Kristoffer Hetland to mål blaut steinjord og byrja det som skulle bli ei av Noregs største og mest vellukka byggjeverksemder: Hetland Hus AS.

FISKEMJØLINDUSTRI

Men visjonane stoppa ikkje med husbygging. I beste innovasjonsånd utvikla Brødrene Hetland òg maskinar til fiskemjølindustrien og leverte etter kvart komplette anlegg til kundar over heile verda.

NOKON VÅGA

Ideen Forum Jæren ville aldri ha blitt verkeleggjort om ikkje nokon våga, slik Brødrene Hetland gjorde det.

slides-om-fj_3

INDUSTRIHISTORISK GRUNN

HETLAND HUS

Forum Jæren står på historisk grunn. I det såkalla Hetlandkvartalet på Bryne, vart det skapt industrihistorie. I 1912 kjøpte Jens og Kristoffer Hetland to mål blaut steinjord og byrja det som skulle bli ei av Noregs største og mest vellukka byggjeverksemder: Hetland Hus AS.

FISKEMJØLINDUSTRI

Men visjonane stoppa ikkje med husbygging. I beste innovasjonsånd utvikla brødrene òg maskinar til fiskemjølindustrien og leverte etter kvart komplette anlegg til kundar over heile verda.

NOKON VÅGA

Idéen Forum Jæren ville aldri ha blitt verkeleggjort om ikkje nokon våga. Slik Hetlandbrørne gjorde det.

slides-om-fj_3
slides-om-fj_5

FAKTA STØRRELSE

  • Etasjar: 20
  • Høgde:  66 m
  • Samla areal: 13 800 m2
  • Isolerande glas: 7 000 m2
  • Fasadeelement montert på ein dag: 66 stk
  • Aluminiumsprofilar: 36 km
  • Kablar: 130 km
  • Armeringsjern: 625 tonn
  • Arbeidsfolk: 60 per dag, totalt 500
  • Betong: 5 100 m3 (927 betongbilar)
  • Stålrøyr: 12 km
  • Avløpsrøyr: 2 km
slides-om-fj_6

FAKTA KONSTRUKSJON

  • Armeringsjern 625 tonn
  • Arbeidsfolk 60 per dag, totalt 500
  • Maks avvik pr. etasje 15 mm
  • Betong 5 100 m3  (927 betongbilar)
  • Spennkablar for å halda
  • bygget på plass: 9 300 løpemeter
  • Maks bevegelse kvar veg målt på toppen: 7 cm
slides-om-fj_7

FAKTA FASADE

  • Gummipakningar: 36 km
  • Isolerande glas: 7 000 m2
  • Fasadeelement montert på ein dag: 66 stk
  • Aluminiumsprofilar: 36 km
  • Totalt antall fasadeelement: 779 stk

FAKTA ELEKTRO

  • Kabelstigar: 3,5 km
  • Kablar: 130 km
  • Lyseffektar: 115 000 w
slides-om-fj_8

FAKTA TIME KOMMUNE

  • Bef.vekst 1998-2007: 19,2%
  • Bef.vekst 2008-2018: 25% (Prognose)
  • Nærings-NM 2008: 9. plass
  • Netto handelsoverskot 2006: 5,5%

(Kjelder: NHO, SSB)

footer_logo

Forum Jæren    //    Hetlandsgata 9    //    4340 Bryne    //    post@forumjaren.no    //    tel: 90 61 57 15