Vi har lokale frå 2 til 200 personar, anten du ønskjer eit lite intimt møterom eller ein stor sal med valfritt oppsett.
Alle møteromma våre har anten projektor og lerret eller flatskjerm. Dersom du har behov for lydanlegg, er også det tilgjengeleg.
Mat er viktig for deltakarane si oppleving av arrangementet.Vi leverer difor topp mat frå eige kjøkken på huset, basert på dine ønskje.
Dersom du ønskjer, kan du velja ein av våre faste pakkar for frukost-, lunsj- eller heildagsmøte. Har du andre behov, lagar me eit opplegg for deg.
Vi veit kor viktig det er for arrangøren at alt fungerer. Vi legg difor stor vekt på at du som arrangør skal føla deg trygg frå første planlegging til arrangementet er ferdig.