Forum Kontor

- for bedrifter

I Forum Jæren kan du få eit skreddarsydd lokale frå 50-1000 m2. Våre topp moderne kontorlokale vil gje bedrifta di eit profesjonelt ansikt, og de vert del av eit aktivt miljø der ulike typar bedrifter samarbeider og utvekslar erfaringar. Inkludert er fellesfunksjonar som tilgang til møtelokale i 18. etasje og felles kantine.

TA KONTAKT

forum flex

- for enkeltpersonar og små bedrifter

I andre etasje kan einmanns- og småbedrifter leiga kontorplass i Forum Jæren. Kontorløysinga er fleksibel med moglegheit for å auka viss behovet melder seg og passar til bedrifter i alle typer bransjar. I tillegg til moderne lokale i eit kjekt miljø får du også tilgang til møtelokale i 18. etasje og kantine. For å gjera det enkelt for leigetakarane er mest mogleg inkludert i leigeprisen.

TA KONTAKT

forum BUTIKK

Din butikk i eit område der 3500 personar har sitt daglege verke?
På bakkeplan er det fleire ledige butikklokale i Forum Jæren. Til hausten opnar nye Bryne vidaregåande skule. Skulen vert den største i fylket med 1700 elevar. Frå før av er Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter med kafé Garborgstova etablert i området. Omlag 100 000 er innom biblioteket i løpet av eit år!

TA KONTAKT

forum jæren FAKTA

  • Stod ferdig 12. november 2009
  • 18 etasjar, 65,4 meter høgt, samla areal på 13 500 m2
  • Har kapasitet til 45 bedrifter og totalt 350 arbeidsplassar
  • Er plassert rett ved Bryne stasjon midt i Bryne sentrum
  • Aktivt miljø der ulike typar bedrifter og miljø samarbeidar og utvekslar erfaringar

Sju gode grunner til å etablere seg i Forum Jæren:

1

I Forum Jæren får du mykje meir enn eit kontor! Til grunn for bygget ligg visjonen “Næring, læring og kultur midt i sentrum”. Det er ein visjon som fungerer og skapar eit område der folk har lyst til å vera!

2

Bedriftene i området kjem tett på kvarandre. Det fører til ein eigen dynamikk som gjev tettare samarbeid, nye kundar, fleire moglegheiter og meir sal. I tillegg erfarer bedrifter som flytter til Forum Jæren at det er lettare å rekruttera gode folk når dei får ny adresse i høghuset.

3

I Forum Jæren møter du ein utleigar som tek behova til leigetakarane på alvor. Bygg og uteområde er universelt utforma. Alle leigetakarar har tilgang til fellesfunksjonar som kantine, møtefasilitetar i 18. etasje, sykkelparkering og garderobar.

4

Forum Jæren er godt synleg frå heile Jæren og ligg midt i Bryne sentrum, med buss- og togstasjonen som næraste nabo. Sykkel parkerer du enkelt i sykkelparkeringa utanfor høghuset. Kjem du frå byen med bil køyrer du mot køen og kan parkera i toetasjars parkeringsanlegg under bakkenivå like ved høghuset.

5

Frå møterommet i 18. etasje får du utsikt til jærlandskapet frå alle kantar og kan arrangera møter med overblikk. I desse lokala er det kapasitet til å ta imot alt frå 4 til 80 personar i møte­rom med alt utstyr. I pausane kan de nyte ut­sikta i skybaren eller få frisk luft på terrassen i 19. etasje. Her kan du få skreddarsydd opplegg, enten du planlegg eit viktig møte utanfor bedrifta eller ei større samling.

6

Inkubatoren Ipark Jæren er også ein del av dette miljøet. Dei hjelper gründarar med gode idear i den viktige første fasen. Småbedriftene har mykje å tilføra dei meir etablerte og større føretaka i miljøet.

7

Spektakulær og omfattande glaskunst av Kjell Nupen gir bygget identitet og fører ideen om læring, næring og kultur saman. Innvendig finn ein kunstgalleri i 1. etasje, og elles er alle etasjane utsmykka med ulike sitat frå forfattarar med tilknyting til Rogaland.