Tyngdepunkt for kunnskapsbedrifter i regionsenteret Bryne

Forum Jæren er eit 65,4 meter høgt signalbygg rett ved togstasjonen på Bryne. Bygget har kapasitet til 45 bedrifter og 350 arbeidsplassar innan kunnskapsbaserte næringar.

Visjonen bak Forum Jæren var å skapa ein ny bydel der læring, næring og kultur skulle verka saman slik at dei ulike områda gjensidig styrka kvarandre. I dag er den ambisiøse visjonen verkeleg med Forum Jæren, Nasjonalt Garborgsenter, folkebibliotek, Bryne vidaregåande skule, kunstnarar og kunstgalleri samla i ein pulserande ny bydel der 3500 menneske har sitt daglege verke.

slik får du kontorlokale i forum jæren

Frå tradisjonell industri til kunnskapsbasert næring

Forum Jæren er eit resultat av vågemot og visjonar, og følgjer såleis i spora til forgjengarane sine. I det såkalla Hetlandkvartalet, der Forum Jæren i dag står, vart det skapt industrihistorie då Hetland Hus AS vart etablert der på byrjinga av 1900-talet. Nesten 100 år seinare ville gründerane bak Forum Jæren ta Bryne inn i ei ny tid og skapa ein arena for kunnskapsbasert næring på Jæren.

Lær meir om historia

Læring, næring og kultur verkar saman

I Forum Jæren er det etablert eit miljø der læring, næring og kultur er samla slik at dei ulike områda gjensidig styrkjer kvarandre. Det var denne visjonen som starta heile prosjektet som i dag er ein pulserande ny bydel der 3500 menneske har sitt daglege verke.

Lær meir OM VISJONEN

Selskaps- og møtelokale med Jærens beste utsikt

Bryllup, konfirmasjon, seminar, jubileum, firmafest eller rundt tal? I toppen av Forum Jæren ligg Vidsyn, selskaps- og møtelokalet med Jærens beste utsikt! Kontakt Vidsyn for å få eit godt tilbud på leige av møte- eller selskapslokale.

Møter med overblikk

Nå kan du leggje møtet eller konferansen din til 18. etasje i Forum Jæren. Vi har kapasitet frå 4 til 80 personar i møte­rom med alt utstyr. I pausane kan de nyte ut­sikten i skybaren eller på terrassen i 19. etasje. Enten du vil leggje eit viktig møte utanfor bedrifta eller har ei større samling, lagar vi eit skreddarsydd opplegg for dykk.

Selskap med utsikt

Bryllaup, konfirmasjon, jubileum, firmafest eller rundt tal? I tillegg til fantastisk utsikt over Jæren, byr vi på topp mat, skybar med alle løyve og moderne lokale. Når det er varmt i veret kan du også bruka terrassen i 19. etasje til arrangementet ditt.

TA KONTAKT MED VIDSYN

FORUM JÆREN I HARDE TAL OG FAKTA

2 kilometer avløpsrøyr, 7000 m2 isolerande glas, 625 tonn armeringsjern. Her finn du alle fakta om høghuset!

LÆR FLEIRE FAKTA

KUNST I 18 ETASJAR

Sjølve symbolet på Forum Jæren er høghuset med sine 18 etasjar, godt synleg frå alle kantar på Jæren. For utbyggjarane var det aldri tvil om at skyskraparen på Jæren måtte ha det litle ekstra. Smykka med glaskunst av Kjell Nupen synliggjer høghuset òg idéen om å føra læring, næring og kultur saman.

LÆR MEIR OM KUNSTEN