Høghuset er utsmykka med spektakulær glaskunst frå topp til botn som gir bygget identitet, og i tillegg har kvar etasje fått sitt særpreg ved hjelp av ulike sitat av forfattarar med tilknyting til Rogaland.

NUPEN-KUNST

Då utbyggjarane kontakta glaskunstnaren Kjell Nupen tende han straks på prosjektet. Kunstnaren sitt utgangspunkt og mål var å gi bygget identitet, slik at det kan leva i kraft av seg sjølv. Det spektakulære og omfattande glaskunstarbeidet starta sommaren 2008.

400-500 KILO

Sirleg utvikla Kjell Nupen glasplate for glasplate, kvar med ei vekt på mellom 400-500 kilo og med eit flatemål på 1,6 x 3 meter. Platene vart sette saman i par før dei var klare for montering på høghuset, etasje for etasje. Det ferdige verket måler 4-5 meter i breidda, og smykkar høghuset frå topp til botn.

FOSSEFALL I LYS OG MØRKE

Temaet er fossefall. Og fargane? Ikkje uventa i forskjellige blåtonar. Kunstverket vil leva sidan det endrar seg alt etter lysforhold, dag eller natt.

SITAT I KVAR ETASJE

Garborgsenteret og Forum Jæren har samarbeida om utsmykking av høgbygget og det lågare kontorbygget vegg i vegg. Utsmykkinga består av sitat frå forfattarar som har tilknyting til Rogaland. Forfattar Arnt Birkedal har plukka ut sitata og skriftkunstnar Herborg Kverneland har utforma dei. Slik har kvar etasje fått sitt lille særpreg.

GALLERI IUC I FØRSTE ETASJE

Rett ved inngangspartiet i første etasje i høghuset finn du eit spanande galleri for samtidskunst, galleri iuc – irene ueland contemporary. Galleriet er dedikert til lynne og menneska på Jæren, nøysomme, nytenkjande og nyskapande.