KLYNGEVERKNAD MELLOM LÆRING, NÆRING OG KULTUR

Forum Jæren er eit glimrande utgangspunkt for klyngeverknad. Med ein stor skule, moderne bibliotek, Garborgsenter og kunnskapsbedrifter vil området vera ein motor for kunnskapsbasert næring på Jæren.

MILJØ FOR UTDANNING

Bryne har lange tradisjonar som skulesenter, ikkje berre regionalt, men òg nasjonalt. Nye Bryne vidaregåande skule med 1500 elevar skapar eit slagkraftig miljø for utdanning. Skulen dreg nytte av næringsverksemdene i Forum Jæren, og næringa får på side tilgang til både arbeidskraft, idear og eit skapande engasjement.

GARBORGSENTER OG FOLKEBIBLIOTEK

Forum Jæren er også ein kulturell arena. Garborgsenteret og folkebiblioteket er sentrale aktørar med innverknad både for skule og næring. Dei lokale kunstnarane Karen og Jens Erland har også etablert seg i same området, og ein finn også eit gallleri for samtidskunst. Her er eit levande kulturmiljø med minst 100 000 innom kvart einaste år. Området er ein arena for meiningsbryting og opplevingar, ein kreativ møtestad der kven som helst kan koma, og der folk har lyst til å vera.